Foto: Fredrik Varfjell

Om oss

Kva er Nynorsk Pressekontor?

Nynorsk Pressekontor (NPK) har eksistert sidan 1969, då Stortinget løyvde pengar til å starte eit nyheitsbyrå som skulle få meir nynorsk inn i avisene.

NPK er i dag drive av ei sjølveigande stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor (SNPK). Organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga.

Stiftinga har som si fremste oppgåve å styrkje nynorsken i pressa. For å få til dette skal NPK spreie allsidig stoff til avisene på nynorsk.

NPK har eit breitt stoffutval. Vi dekkjer nasjonale saker av allmenn interesse, samtidig som vi har eit eige auge for distrikta. Vi skriv om jordbruk, skogbruk, fiske og fangst, industri, reiseliv, samferdsel, kultur og underhaldning, forsking og utdanning, organisasjonsliv og politikk. I tillegg skriv NPK om språk generelt og nynorsk spesielt. Gjennom samarbeidet vårt med NTB leverer vi også viktige internasjonale nyheiter og sport.

Sidan 2007 har Stiftinga Nynorsk Pressekontor hatt ein samarbeidsavtale med NTB om å drifte redaksjonen i NPK. Nynorsk Pressekontor held derfor til i Pressens hus i Skippergata 24 i Oslo.

våre tenester

NPK spreier allsidig stoff til avisene på nynorsk. Les meir om tenestene: