Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ja til meir nynorsk i pressa!

Nynorsk Pressekontor har som si fremste oppgåve å styrkje nynorsken i pressa. For å få til dette skal NPK spreie allsidig stoff til avisene på nynorsk.

NPK er viktige for at Firda skal kunne halde lesarane oppdaterte på nasjonale nyheiter. Slik kan vi bruke ressursane våre på å lage best mogleg lokale nyheiter, men samtidig vere raskt ute med rett info om nasjonale og regionale forhold. I koronatida har NPK vore avgjerande for vår nyheitsdekning av situasjonen i Norge.

Marie Havnen, Firda.

NPK gjev oss nasjonale og regionale nyhende som får konsekvensar for vårt distrikt, og som me ikkje har ressursar til å fylgja opp sjølve. I tillegg får me ei mengde gode reportasjar om tidsaktuelle tema.

Geir Geitle, Hordaland.
Store og små saker frå Nynorsk Pressekontor

Grunntenesta omfattar både store og små saker frå NPK. Vi leverer notisar, aktuelle nyheitsartiklar, intervju og featuresaker med bilete.

Store og små saker frå Nynorsk Pressekontor

Skulle du hatt eit intervju med den lokale stortingsrepresentanten eller kanskje ei sak om då gründeren frå heimbygda tok imot ein pris i hovudstaden?