Kva meiner kundane om oss?
NPK serverer oss nasjonale saker av lokal verdi, og ikkje minst aktuelle og truverdige temasaker, som me likevel måtte brukt eksterne krefter for å laga. Her får me dei fiks ferdige klar til bruk, noko som gjer kvardagen enklare for ein liten redaksjon.
Magne Kydland, redaktør i Sunnhordland.
NPK er svært viktig for ei lita lokalavis som Fjordabladet. Gjennom nyhendetenesta kan vi, både på papir og nett, halde lesarane oppdaterte på viktige nasjonale og regionale nyhende som Fjordabladet ikkje har ressursar til å overvake eller skaffe seg på eiga hand.
Tormod Flatebø, redaktør i Fjordabladet.