Fotomontasje : Beate Haugtrø

Nynorskroboten

Nynorskroboten i rask utvikling

Nynorskroboten har vore i drift i Nynorsk Pressekontor i eitt og eit halvt år. Fleire eksterne kundar har og teke roboten i bruk.

Nynorskroboten er framleis under utvikling og blir litt betre for kvar dag. Fram til i dag har roboten vorte opplært i ein relativt moderat nynorsk.

Nynorskoboten er vorte eit svært viktig og nyttig arbeidsverktøy for NPK. Under koronakrisa er talet på artiklar me har publisert mangedobla. Det har vore mogleg eine og åleine på grunn av roboten.

Vi har i denne perioden knytta til oss fleire eksterne kundar, som er godt nøgde med det roboten leverer. Me står på for å utvikla roboten vidare, slik at han han bli eit viktig verktøy for både mediaverksemder, ulike offentlege etatar, organisasjonar og andre som er opptekne av nynorsk.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.


Dagleg leiar/redaktørJan Inge Fardal+47 91310274jani@npk.no